Onsdag 5. mars er det offisiell opning av den nye jazzklubben, Jazzplaneten! Vi er så heldige at duoen Ola og Anja er på stamveg-turné akkurat i tide til opninga! Jazzduoen Ole og Anja består av Anja Lauvdal på piano og Ola Høyer på bass. Dei er kjende for si leikne og utforskande tilnerming til jazz, som spenner frå improvisert frijazz til finstemt kammermusikk. Begge musikarane har bakgrunn frå anerkjente band som Moskus, Broen, Skadedyr og Cortex. Musikken deira er både fast og fri, med kontrastar som strekker seg fra groovy gospel til eksperimentell jazz. Saman med Playdate vil vi ynskje velkomen til ein flott opningskonsert for Jazzplaneten!

Comentarios