top of page

om oss

Jazzplaneten er ein jazzklubb i Bergen som starta opp i mars 2025. Klubben held til i lokala til Cafe Sanaa. Jazzklubben har arrangement kvar onsdag. Ein onsdag i månaden er det konsert, ein onsdag er det jam-session og to onsdagar er det DJ med instrumentalist.

Cafe Sanaa ligg i Kaigaten 22 i Bergen sentrum og er ein møtestad som gir byen eit unikt tilbod av levande kultur og kunst frå alle kantar av verda, presentert i eit lite og intimt format. Kafeen blei etablert i 2007 som eit nytt konsept og har no bestått i 17 år og er etablert og anerkjent som ein populær, internasjonal kulturstad i Bergen. Sidan starten har Cafe Sanaa hatt eit rikhaldig kulturprogram med konsertar og andre kulturaktivitetar, og har anslagsvis hatt over 1000 konsertar gjennom desse åra.

Cafe Sanaa har vore eit lavterskeltilbod for unge, uetablerte musikarar til å prøve seg, blant annet musikarar frå Griegakademiet og musikkutdanningsinstitusjonar i Oslo, Trondheim og Stavanger. I tillegg til det offisielle Jazzplaneten-programmet vil studentar ved Griegakademiet vere vertskap for konseptet «Søndagsjazz» i dei same lokala.

Vi ser fram til å kunne gje Bergen eit heilt nytt jazzkonsept med mangfald både i musikken og publikum. velkomen!

Jazzplaneten er tatt opp som medlem i Norsk Jazzforum og Vestnorsk Jazzsenter.

jazzforum.png
  • Facebook

© 2025 by Jazzplaneten

bottom of page